Endringar i kontantstøtta
tirsdag, oktober 11, 2011 at 10:40AM
monica.krogstad@gmail.com in Kontantstøtte
Utdrag fra: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Regjeringa føreslår å avvikle kontantstøtta for toåringar frå 1. august 2012. For barn i alderen 13-18 månader blir det føreslått å auke kontantstøttesatsen til 5 000 kroner månaden. For barn i alderen 19-23 månader blir dagens sats på 3 303 kroner vidareført. Til og med juli 2012 blir det utbetalt kontantstøtte etter dagens reglar og satsar.

- Ved å fjerne kontantstøtta for toåringar, legg vi til rette for at fleire kvinner kjem ut i arbeid og at fleire barn med innvandrarbakgrunn får verdifull språkopplæring i barnehagen. På denne måten får fleire barn eit betre grunnlag for å lukkast på skolen, og vi støttar opp om eit meir likestilt arbeidsliv, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.

Article originally appeared on 0-6 (http://www.forum.0-6.no/).
See website for complete article licensing information.